Sulaheltane

Sulaheltane kan ikkje fly eller gå gjennom veggar, men det er ikkje langt unna. Dei tek heller ikkje på seg superheltdrakt, men går til arbeid ikledd stoltheit, kompetanse og dedikasjon. Og ikkje minst: godt humør. Det er ei superkraft i seg sjølv.

Heltane i denne miljøgruppa får stadig fleire oppdrag knytta til parkdrift, hagestell og vedproduksjon, men er godt førebudde på den auka etterspurnaden.

Vi øver framleis på å kløyve ein vedkubbe i to med berre augene, men inntil vidare så kjem vi langt med effektive og kvikke hender, som produserar vedsekkar i så stort tal at innbyggjarane i Sula kommune kan sjå varmt og lyst på framtida.

PS! Humoren blant Sulaheltane er forresten like knusktørr som veden.

Har du behov for ein famn med ved eller hjelp til å stelle hagen? Då må du kalle på Sulaheltane. Dei kjem før du får ropt "Sulaheltane kjem".

Og det er fort.

Skulle nesten tru dei kunne fly.


Til Miljø og brensel