Norsk English
Get Adobe Flash player
1
Det er med stor glede vi har flytta inn i nye lokale og samla alle aktivitetane til Sula Bedriftsteneste på ein plass. Dei andre avdelingane, Maritim, Sy & Segl og Miljø & Brensel har fått tidhøvelege lokale, men først og fremst er vi svært kry av det nye vaskeriet som no er på plass og i full drift.
Ei ny tid for oss
Ved Sula Bedriftsteneste har vi vaska og stelt tøy og tekstilar i ei årrekkje. Først og fremst har kundane våre vore bedrifter og institusjonar på Sula, men med nytt lokale og med det nyaste av moderne og avanserte maskiner, kan vi no tilby tenestene våre til heile Sunnmøre. Og ikkje berre til bedrifter og institusjonar, nei, det avanserte logistikksystemet gjer det no mogeleg å tilby dei same tenestene også når det gjeld vask og stell av privat tøy.
Det er ei viktig nyheit!

For dei som arbeider på vaskeriet til Sula Bedriftsteneste er dette eit kvantesprang!

Heile vaskeriet er planlagt og bygd utifrå dei siste erfaringane med korleis ei moderne vaskeribedrift bør være. Dei forskjellege stasjonane er logisk plassert, og alle maskiner og prosessar er optimalisert etter alle hygienekrav og for best muleg resultat med minst muleg ressursbruk og minimalt med utslepp.
Ei ny tid for kundane
For kundane betyr dette at alle kler og tekstilar vert profesjonelt handsama, og vaska akkurat som dei skal og etter dei hygienekrava som gjeld. Det gjer det trygt og enkelt.

Vi tek oss av alt frå det å merke kvart enkelt klesplagg, og vaske etter dei vaskeanvisningane som er på plagget, til å reparere dei kleda som du vil ha fiksa på.

I tillegg vil vi hente og bringe tekstila etter avtale med kundane. Vi legg stor vekt på at det skal vere enkelt, trygt, og ikke minst:
Rimelig å bruke oss.
Rensing av tøy
Vi har inngått avtale med eit stort og moderne renseri om rensing av tøy. Vi kan derfor også ta imot tøy som skal rensast.

Vi vil med dette ønske alle gamle og nye kundar velkomne. Ta kontakt med meg eller avdelingsleiar på vaskeriet.

Vi tek deg gjerne med på ein full gjennomgang og fortel kva vi kan hjelpe deg med!

Med helsing
Rolf Gudmundset
rolf_sig.jpg
equass_logo.jpg
European Quality Assurance in Social Services
Våre sosiale tjenester er sertifisert i henhold til den europeiske kvalitetssikrings-standarden Equass (European Quality Assurance in Social Services).