VTA - Varig tilrettelagt arbeid

Har du ei yrkeshemming som gjer at du treng tilrettelagt arbeid?

Då kan Sula Bedriftsteneste vere rett arbeidsplass for deg.

Varig tilrettelagt arbeid  - VTA
VTA skal tilby personer arbeid i skjerma verksemd som er tilpassa den einskildes arbeidsevne, og skal bidra til å utvikle ressursar  gjennom kvalifisering og tilrettelagte arbeidsoppgåver.

Tiltaket er ikkje tidsbegrensa, men det skal til ei kvar tid vurderast om det kan vere aktuelt med overføring til andre arbeidsretta tiltak, utdanning eller formidling til ordinært arbeid.

VTA deltakaren skal vere uføretrygda, og skal søkjast inn via NAV.

NAV skal, saman med tiltaksdeltakaren, utarbeide ei arbeidsevnevurdering, og denne vert nytta av tiltaket som rettesnor for vidare arbeidsinstruks og tilpasning.

Dette skjer i VTA:

Plan for tilpassing og tilrettelagt kvalifisering  -  Evaluering av tiltaksdeltakaren

Realkompetanse  -  Sosial trening og veiledning  -  Organisering og gjennomføring

 

Vårt motto er: Kva kan vi hjelpe deg med?

Hos Sula Bedriftsteneste har vi 4 avdelinger som alle har interessante arbeidsoppgåver.

- Topp moderne vaskeri
- Maritim Produksjon (mekanisk)
- Miljøpatrulje (mye utearbeid)
- Sy og Segl avdeling

Vi kan tilby:

- Ein tilrettelagt arbeidsplass med oppgåver i forhold til dine individuelle behov og forutsetningar.
- Individuell opplæring, slik at du kan tilegne deg nye ferdigheter.
- Moglegheit for personleg utvikling.
- Tett oppfølging og veiledning, slik at du føler deg trygg i arbeidssituasjonen.
- Moglegheit til å bli ein del av eit trygt og inkluderande arbeidsliv.

Dersom du synast at dette høyres interessant ut kan du ta kontakt med ditt lokale NAV kontor.

sula-collager2-jpg-1536.jpg