Visjon og Verdier

VÅR VISJON: " Korleis kan vi hjelpe deg ? "

Sula Bedriftsteneste AS har som formål å gi personar som ikkje elles kan nytte seg av den ordinære arbeidsmarknaden, eit arbeids/aktivitetstilbod enten på midlertidig eller permanent basis. Vår oppgave er å gi meiningsfylte arbeidsoppgåver og gi opptrening som kan føre til ei utvikling som gir personer høve til å gå attende heilt eller delvis til den ordinære arbeidsmarknaden. Dei som har varig begrensa mogelegheiter for ordinært arbeid, skal få eit godt tilbod om arbeid og utvikling ved bedrifta.

Sula Bedriftsteneste AS sitt mål er å drive bedrifta i balanse mellom økonomisk gevinst og det å gi personer med behov for tilrettelagt arbeid ein trygg og utviklande arbeidsplass. Om det skulle bli konflikt mellom dette, er hensynet til deltakaren det viktigaste.

Ved vår bedrift skal ein legge vekt på:

TRYGGLEIK:       
Vi skal gje deltakarane våre tryggleik til å takle nye oppgåver og utfordringar

MEISTRING:
Meistring er nøkkelen til å lykkast, og våre deltakarar skal oppleve at dei er ein ressurs for både bedrifta og miljøet.

TRIVSEL:
Alle medarbeidarane i bedrifta skal legge stor vekt på det sosiale miljøet, og skal vere rause med kvarandre. Det er viktig å ta godt vare på alle medarbeidarane.

 

Vårt menneskesyn byggjer på følgjande:

- Kvart menneske har eigenverdi

- Alle mennesker har likeverd

Etiske dilemma oppstår i situasjonar der ein opplever at verdiar står mot kvarandre, og ein er i tvil om

kva som er rett eller feil. Ein skal då handle til det beste for dei personane ein har ansvar for.

om-oss-jpg-1536 (1).jpg

Samspel på arbeidsplassen

Det skal arbeidast for eit inkluderande arbeidsmiljø med likeverd og respekt. Diskriminering
skal ikkje forekome, og all form for mobbing skal takast alvorleg.

 

Samspel på arbeidsplassen.

- Ein skal respektere kvarandre og finne gode løysingar saman

- Tilbakemeldingar skal vere konkrete, i høve til både "ros og ris"

- Ein skal snakke til kvarandre og ikkje om kvarandre

- Ein skal vere lojal mot vedtak som er fatta

- Det skal vere stor takhøgde for å diskutere problem og vanskelege situasjonar.

- Ein skal vere inkluderande, og passe på at alle får tilgang til same informasjonen

- Usemjer og klager skal handsamast på eit tidleg stadie, på ein ryddig måte

 

Alle medarbeidarar har eit ansvar for å byggje sitt arbeid på innhaldet i dette verdidokumentet.

_XC8I9307X-jpg_SB_2013-Foto_PederOttoDybvik-jpg-940.jpg