Sy & Seil

Skapande avdeling med stor kompetanse i sy og seilmakarfaget

Saman med kunden løyser vi dei fleste utfordringar. 

  • Vi utfører dei fleste typar spesialsaum og reparasjon av båtkalesjer og båtputer.
  • Vi har eigne maskiner for sveising av presenningar i PVC.
  • Vi skreddarsyr gardiner og dukar, og løyser gjerne utfordringar som ligg utanfor den normale standarden
  • Vi syr verandatrekk, tak og vegger etter mål. Gir meirbruksverdi for uteplassar og balkongar
  • Vi skiftar glidelås, rettar, syr inn eller ut, legg opp eller ned - vår syavdeling ordnar det meste.

 

Samarbeidspartner med profesjonelle aktørar i Maritim Sikkerheit.

Sula Bedriftsteneste arbeider i fellesskap med fleire store aktørar innan Maritim sikkerheit. Mange nyttar oss til å finne gode løysingar på ulike behov og til å utvikle nyskapande produkt. 

Sula Bedriftsteneste produserar mellom anna Fendertrekk, snuputer og presenningar til Mare Safety sine Mob båtar. Vi produserar evakueringshutar til Survitec og ulike produkt til mellom anna OTS og andre aktørar.

Vi har kundar over heile verda og her i Norge kan vi nevne:

  • Sjøforsvaret
  • Rikshospitalet
  • Redningsselskapet
  • Skipsverft mm.
 
Syogsegl3-957.jpg