Om sula bedriftsteneste

Forretningsideen til Sula Bedriftsteneste er å skape tilrettelagte arbeidsplassar. Gjennom blikk for den enkelte medarbeidar, og produkt av høg kvalitet, skapast stolthet av det vi får til saman. Vi tek samfunnsansvar og håpar å bidra til ein meir meiningsfylt og enklare kvardag for dei som jobbar hjå oss. 

Sula Bedriftsteneste AS vart stifta i 1993, med Rolf Gudmundset som Dagleg Leiar.

Sula Bedriftsteneste AS er ei bedrift som gir eit tilrettelagt arbeid til personar som elles ikkje kan nytte seg av den ordinære arbeidsmarknaden.  Ved  oppstarten i 1993 var bedrifta godkjend med 10 plassar for tilrettelagt arbeid, og Sula Kommune var eigar av alle aksjane i bedrifta. Sula Bedriftsteneste er difor eit kommunalt aksjeselskap, og har i heile tida hatt avtale med NAV for tilrettelegging av arbeid med ulike arbeidsoppgåver og arbeidstrening.

I dag har Sula Bedriftsteneste AS 26 arbeidsplassar i Varig Tilrettelegt Arbeid ( VTA ) og 4 plassar i Arbeidspraksis i Skjerma Verksemd ( APS )

Bedrifta har 4 avdelinger:

- Vaskeri

- Sy og Seil

- Maritim Produksjon

- Miljø og Brensel

om-oss-jpg-1536.jpg