Vår avdeling for miljø og brensel:
Når vi snakkar om vår avdeling for miljø og brensel er det i første rekke Miljøpatruljen vår vi har i tankane. Miljøpatruljen er godt kjend av lokale innbyggarar i Sula kommune. Miljøpatruljen vart starta fordi vi gjerne ville halde nærområdet våre ryddig. Med tida har Miljø og Brensel utvikla seg til å omfatte mykje meir! No utfører vi til dømes ei rekkje vaktmeistertenester, vi har ein omfattande produksjon og levering av ved, og ei godt utbygd hente- og bringeteneste av varer og tenester.
- Vi ryddar snø, klipper plenar, trimmar busker og hekkar og køyrer bort boss og hageavfall.
- Vi kappar, pakkar og leverer ved for sal. Sula kommune er største oppdragsgjevaren, men vi har mange faste kundar, og yter god service både til offentlege, private og bedrifter.

